På side 49 har eg gjort:
- Oppgåve 1
- Oppgåve 2
- Oppgåve 4
- Nesten ferdig med oppgåve 5
Framdrift
september 18, 2008IT 2
august 21, 2008Eit nytt år med IT har nett starta. På førehand visste eg me skulle jobbe mykje med programmering og animasjonar. Eg ser fram til begge delar. Spesielt animasjonar er gøy å kunne lage, men programmering kan i mange situasjonar vere veldig nyttig. Det eg ikkje visste var at det blei lagt så stor vekt på dokumentasjon og planlegging. Det kom som ein positiv overraskelse. Dokumentasjon er viktig å eg veit med meg sjølv at det er noko eg med fordel kan bli betre på.
Eg håpar eigentleg me kan jobbe ein del med dataspel. Eg synst det verkar utruleg interesangt å kunne lage eit enkelt spel. Det er noko eg vil vere stolt av i ettertid! I eit spel er det nok mange animasjonar og gledar meg mykje til det også.
Programmering veit eg veldig lite om. Eg har ikkje nok kunnskapar til å utdjupe meg så mykje om kva eg vil å ka eg ser fram til. Programmering føler eg er eit av dei emna som ein kan bruke praktisk i større grad enn ein animaasjon som i dei fleste tilfella er “pynt”.
Veke 15
april 13, 2008No skal prosjektet innleverast om berre nokre timar. Eg har fått gjort mykje og eg føler meg ok klar til å levere inn. Eg vil sei at dokumentasjonen på ting er skral, designet på alt kunne hatt nokre justeringar. Dessutan veit eg ikkje heilt om databasane no blir vist eller ikkje. Eg har ikkje de nødvendige programma heime og får berre håpe
Dei virka på skulen. Sett vekk i frå det er eg glad prosjektet er ferdig, det har vore ein del arbeid.
Veke 14
april 7, 2008Mål: lage to databasar
Denne veka har eg fått laga begge databasane. I den eine kan du bestille pizza og den andre er ei slags gjestebok, dar kundane kan komme med kommentarar om alt eigentleg. Eg har også fått spelt inn lydklipp som eg skal leggje inn på sida.
Veke 12 og 13
april 2, 2008Veke 12
Me hadde påskeferie. På forhand tenkte eg at eg skulle få ein del tid til å jobbe med dette prosjektet, men feriane blir alltid fyllt opp med mange planar. Fekk gjort litt mindre enn kva eg tenkte, men ikkje så lite at det er umogeleg å ta igjen. I tilegg hadde eg ikkje internett som gjor alt litt tungvint. Eg fekk likevell lagd nokre sider på nettstaden
Veke 13
Meininga var å få tid til å lage begge databasene denne veka. Me mista ein time i starten av veka, men eg har fått gjort den databasen der du kan bestille pizza. Reknar med det vil gå fortare å laga den andre no, sidan der er lettare huske kva eg skal gjere no sidan det ikkje er lenge sidan eg gjorde det.
Har i tilegg starta på css
Veke 11
mars 16, 2008Ja, no er også veke 11 ferdig.
Målet denne veka var å lage eit pdf-dokument og i tilegg sjekke at nettstaden kan visast i dei største nettlesarane (Explorer, Firefox og Opera)
Dette har eg gjort. Pdf-dokumentet er ferdig. Nettstaden min kan også lesast i alle dei tre nevnte nettlesarane utan problemer. Einaste er at på “kontakt oss” sida mi kan ikkje åpningstidane visast då e brukte ein ALT tag på eit bilete. Eg kjem kanskje til å forandre på dette, ellers lagar eg ein liten kommentar på det.
Denne veka laga eg også “kontakt oss” sida.
Veke 10
mars 10, 2008På framdriftsplanen eg skreiv, sto det at eg denne veka skulle lage framsida til nettstaden og i tilegg den dynamiske menyen.
Det er vanskeleg å seie at framsida er ferdig, fordi den vil bli forandra på heilt til siste slutt, men eg har fått gjort ein mal med diverse bileter og liknande. Eg føler eg har kontroll over den. Menyen er ikkje laga. Dette på grunn av at bakgrunnen ikkje er ferdig. Eg har skrevet ned/skissert menyen, så eg veit korleis den skal sjå ut og kva som skal stå på den. Det er no berre små justeringar som manglar på bakgrunnen, så kan eg enkelt lage menyen:)
Veke 9
mars 2, 2008Dette er den fyrste veka etter at me har starta på eit heilt nytt prosjekt. Me har mykje arbeid framfor oss, men med ein god framdriftsplan og litt tid til overs skal dette gå bra.
Målet mitt for denne veka var å skrive GAS-analysa og framdriftsplanen. Eg har gjort dette og fått begge delar godkjent. I tilegg til dette skulle eg starte på animasjonen og sjå om det i det heile tatt går an å lage ein animasjon av teikningane mine. Eg har starta, eg har teikna 5 teikningar og eg trur det vil gå. Det ser kult ut og med litt meir arbeid er den ferdig.
Vidare oppdateringar om prosjektet kjem neste veke.
kake bake kake ka
november 15, 2007Piratkopiering..
oktober 31, 2007Piratkopiering er blitt meir og meir vanleg både i Noreg og i andre land, til tross for at det er ulovleg. Musikk, film og spel er det mest vanlege som blir lasta ned frå nettet, men det finst også eit stort utval av andre varer som blir piratkopiert og solgt på ulike marknadar.
Eigentleg ville eg ikkje sagt at piratkopiering er greit men eg lastar sjølv ned musikk og av og til filmar frå nettet. Sjølv om det er ulovleg så gjer eg det. Eg får ei fin vare gratis eller veldig billig. Kvifor skulle eg ha lyst til å betale for ei heil plate når eg kan laste det ned gratis. Det er vanskeleg å vete kva ein skal gjere. Å la være å laste ned filen eller kjøpe piratkopierte varer er moralsk riktig, menden piratkopierte vara ligg der og den freistar slik.
Piratkopiering fører til at folk mistar jobben, nye artistar greiar ikkje lenger å leve av musikkbransjen. Om utviklinga fortsetter slik som no, er det nok ikkje lenge til også film og spelbransjen slit.. Det blir vanskelegare og vanskelegare å slå an for nye artistar og nye plater blir det nok færre av. Alt det arbeidet uten å tjene ei krone. Nei, det er nok ikkje mange som kjem til å gjere det i framtida.
Det største problemet med piratkopiering i dag må nok vere at det er så utruleg stor marked for det. Alle gjer det og det er ikkje så lett å få alle til å slutte på ein gong. Det finst jo reklamer som prøver å overbevise deg om at det å laste ned ulovleg musikk frå nettet er det samme som å stjele ei veske eller ein bil. I teorien ja, men folk tenkjer ikkje over det på samme måte. Sjølv om dei veit det er ulovleg, så er tilbudet så bra at det skal meir til enn ein slik liten reklame snutt for at me skal la være.